Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Arkitektur

Statsbygg byggjer morgondagens kulturminne og skriv ny norsk arkitekturhistorie med prosjekta sine. Vi skal leggje til rette for god arkitektur i alle prosjekt, både som byggherre, eigedomsutviklar og forvaltar.

Vår satsing over mange år har vore vellukka - vi har mottatt fleire bransjeprisar. Det er resultatet av ei langsiktig og bevisst satsing på arkitektur. Staten skal vere eit førebilete for andre byggherrar, både offentlege og private.
 
Statsbygg arbeider kontinuerleg for å sikre god arkitektur i prosjekta. Ein byggherre med høge ambisjonar og mål er nødvendig for å skape eit godt byggverk. Samspelet mellom byggherrens ambisjonar og rådgjevarens kompetanse er sentralt for å få til eit godt resultat.
 
Statsbygg skal stå fram som ein profesjonell, forutsigbar og krevande oppdragsgjevar som det er attraktivt å samarbeide med, uavhengig av konjunkturar og andre eksterne forhold.
 
 
Les meir om føringane for statens byggje- og anleggsverksemd i desse dokumenta:

Eksteriør

Nytt sentralbygg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal
Arkitekt: ARKITEKTGRUPPEN lille frøen as. Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS
Fotograf: Jaro Hollan