Bryggen
Statsbygg har fått i oppdrag av Riksantikvaren å reetablere grunnvatnet under Bryggen i Bergen. På den måten ønskjer ein å hindre at kulturlaga i bygningane på Bryggen rotnar og sig meir enn dei har gjort til no.
Ved bygginga av SAS-hotellet i 1979–80 blei det sett ned ein spuntvegg rundt hotellet for å stabilisere massane. Grunnvatnet siv no langsamt ut langs denne spuntveggen. Grunnvatnet er med på å bevare kulturlaga som bygningane ligg på, ved å hindre tilførsel av oksygen. Les meir om kulturlaga og grunnvatnet og kvifor dette er viktig for Bryggen i Bergen.

Målet er å heve grunnvatnet til éin meter under bakkenivå og stabilisere det der. Mellom tiltaka er "no-dig"-strømper, infiltrasjonssystem og vassmagasin under bakken. Les meir om desse og andre tiltak som blir utførte.
| Oppdragsgivar |
Riksantikvaren |
| Byggjestad |
Bryggen i Bergen |
| Byggjetid |
2010-2013 |
| Status |
Gjennomføring |
| Anteken kostnad av tiltak |
45 mill. kr. |
| Prosjektnummer |
11936 |
| Prosjektleiar |
Trond Liane |
Oppdatert: 15.04.13