Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
Polaria, Tromsø. Foto: Jiri Havran
Operaen under bygging. Foto: Jon Ivar Søhus
Høgskolen i Vestfold. Illustr: Arch-Aid
Samisk vitenskapssenter. Fot: Bent Raanes og Sarah Cameron Sørensen
 

Bryggen søkk. Kva gjer vi?

Ved bygginga av SAS-hotellet i 1979/-80 blei det sett ned ein spuntvegg, ein stålvegg i grunnen inn mot dei eldre bygningane, for å stabilisere massane. Det viser seg no at grunnvatnet, som er viktig for bevaring av kulturlaga, langsamt siv ut langsmed spuntveggen. Gamle røyr rundt hotellet har fått sprekkar og har bidrege til at grunnvatnet har sokke ytterlegare.

Bygningane er plasserte på kulturlaga, som ersette saman av ein stor del trematerialar. Når tremateriala tørkar, kjem det oksygen til, og rotningsprosessen tek til. Materialet  søkk så saman, og som resultat blir bygningane skeive.

Meir regn, takk!

Statsbygg har no fått i oppdrag av Riksantikvaren å gjere grunnvatnet stabilt, for på den måten å bevare kulturlaga og hindre at grunnen søkk ytterlegare. Målet er å heve grunnvatnet til éin meter under bakkenivå og halde det der. I framtida skal Bryggen berre kunne søkke maks ein millimeter i året; å få det heilt stabilt er dessverre ikkje mogleg.

Den store utfordringa i prosjektet er at ein ikkje kan gjere inngrep i grunnen, som til dømes å leggje ned røyr for å tilføre vatn. Då vil kulturlaga bli øydelagde. Derfor blir det no jobba med å tette lekkasjane rundt spuntveggen, for på den måten å samle opp vatnet. For ein gongs skuld vil det derfor vere ein stor fordel med jamn nedbørsmengd i Bergen heile året!

– All graving må ha særskilt løyve frå Riksantikvaren, og haldast under oppsyn av arkeolog, slik at kulturlag ikkje går tapt. Vi har òg kartlagt posisjonen til spunten etter å ha kopla på straum så han kan peilast, forklarar Trond Liane, prosjektleiar i Statsbygg.

– Spillvatn-, overvatn- og drensleidningar har blitt utbetra med såkalla «no-dig»-strømper, slik at grunnvatnet under hotellet blir auka til 0,70 meter over havet i framkant av hotellet, legg han til.

Eit av dei første i Noreg

I tillegg skal det etablerast eit infiltrasjonssystem som skal heve grunnvatnet utanfor hotellet – under gamle Bryggen. Systemet er prosjektert av konsulentar frå Nederland med lang erfaring rundt problematikk med grunnvatn og blir no brukt på Bryggen som ein av dei første stadene i Noreg.

Vidare vil det bli etablert basseng med overvatn og takvatn, der ein kan leggje ut eit infiltrasjonsanlegg i det aller øvste jordlaget.

– Vi skal òg prøve å lage vassmagasin under bakken, som samlar opp vatn og bidreg til fuktigheit under tørre periodar. Vatnet skal infiltrerast til grunnen gjennom eit lag av treflis for å redusere oksygeninnhaldet i vatnet, og slik hindre rotning av kulturlaga, seier Liane.

Framleis blir det jobba med å finne dei beste løysingane for å ta vare på denne delen av verdsarven, og inntil vidare blir det installert 35 følarar i området for å betre overvakinga av grunnen. Her blir nivået på vatnet, temperaturen, kor mykje vatn som passerer ut av området, og nedbørsmengd målt. Dataa blir overførde trådlaust til ein server og vil vere tilgjengeleg for dei som er interesserte. Det er gitt 45 millionar kroner til prosjektet i år.


Illustrasjon av kum
Dreneringsledninger og kum.
Utløp under SAS-hotellet

Illustrasjon: Tor Sponga

Illustrasjon
Byggegrop med spuntvegger for fundamentet til SAS-hotellet