Skriv ut med undersider

Å jobbe i Statsbygg

I Statsbygg får du utfordrande arbeidsoppgåver, eit stort og sterkt fagmiljø og gode karrieremoglegheiter.

Livsfasepolitikk

Statsbygg ser nytten av at tilsette har ein god balanse mellom jobb og privatliv. Vi legg derfor vekt på individuell tilpassing basert på ulike føresetnader og livssituasjon. Les meir om livsfasepolitikken vår.

Helse, miljø og tryggleik, HMT

Helse, miljø og tryggleik i Statsbygg er eit arbeidsgivaransvar, og ansvaret er delegert i linja. Vi har ei rekkje verkemiddel for å sikre at medarbeidarane opplever eit godt arbeidsmiljø der dei trivest og er tilfredse med jobben.

Inkluderande arbeidsliv, IA

Statsbygg jobbar førebyggjande for å halde ved like lågt sjukefråvær. Dette inneber å identifisere viktige forhold som gjer at tilsette går på jobb. Tilrettelegging skjer etter prinsippa om universell utforming og er i tråd med intensjonane i IA-avtalen. Statsbygg og bedriftshelsetenesta samarbeider tett med medarbeidar, NAV og fastlege for best mogleg oppfølging under sjukefråvær.

Trivsel

Sosiale aktivitetar i og utanfor arbeidstida skaper identitet og styrkjer samhaldet på arbeidsplassen. Derfor er det viktig for Statsbygg å leggje til rette for utflukter og tilstellingar som skidag, sommarfest og julebord. Vi har òg eit aktivt bedriftsidrettslag som engasjerer mange. Vi har heile tida eit breitt utval av aktivitetar som volleyball, pilates, sykle til jobben-aksjonen og stafettlag.

Gode

Ansatte i Statsbygg er så heldige å ha mange gode. Les om nokre av goda du får dersom du jobbar hos oss - sjå venstremenyen. 

En av Norges mest attraktive arbeidsgivere

Ifølge Universums undersøkelse blant arbeidstakere, 2016.

Spør meg om arbeidsmiljø!

Marianne Kratz
Seniorrådgiver
Mob. 90156802
Send e-post
×