Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Kulturminnevern i Statsbygg

Statsbygg forvaltar ei rekkje eigedommar som har stor symbolverdi og er viktige for heile nasjonen. Vi må ta omsyn til dei kulturhistoriske verdiane når vi skal forvalte eigedommane på ein heilskapleg måte.

Statsbygg har også plan- og byggjeoppgåver for andre statlege eigarar, og vi skal sikre kulturminneverdiar der det er nødvendig.

Det er ei utfordring å finne den rette balansen mellom bruk og vern. Statsbygg legg stor vekt på å bevare den verdien bygningane representerer. Det er god samfunnsøkonomi, samtidig som allmenta får høve til å sjå og forstå noko av nasjonens historie og utvikling gjennom den bygningsarven vi forvaltar.

Nokre kulturhistoriske eigedommar

I kulturminneåret 2009 opna Statsbygg mange av dei kulturhistoriske eigedommane for publikum. Her kan du sjå nokre av dei.

Håkonshall
Håkonshallen, Bergen

Villa Stenersen
Villa Stenersen, Oslo