Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
Arkitekturmuseet. Foto: Trond Isaksen
Pilestredet park. Ill: Statsbygg
Admin.bygget Svarlbard. Foto: Statsbygg
Gasslukkeanlegg. Foto: Jaro Hollan
 

Miljøtiltak i eigedomsforvaltninga

Statsbyggs miljøsertifisering (ISO 14001) inneber krav om årlege forbetringar og miljøsatsingar. Vi har derfor miljøplanar for kvar eigedom. Statsbygg har som mål at eigedommane våre skal vere miljøvennlege med låg energibruk.

Statens havarikommisjon for transport. Foto: Jaro Hollan

Energileiing

Statsbygg kartlegg energiforbruket på alle eigedommane vi forvaltar. Vi set mål, utarbeider handlingsplanar for forbetringar og vurderer jamleg måloppnåinga. Kompetanseutvikling og  samarbeid i energifora er òg ein del av det systematiske arbeidet.

Denne systematiske og fortløpande innsatsen skal sørgje for effektivisering og innsparingar i energiforbruket.

Dette er i sum energileiing.

Energieffektivisering

Alle bygg har potensial til å effektivisere energiforbruket gjennom motivasjon og informasjon, gjennom enkle tiltak og gjennom tiltak som krev større investeringar.

Tønsberg ungdoms. og familiesenter. Foto: Trond IsaksenSjølv om eigedommane til Statsbygg har ein energibruk som er blant dei lågaste i bransjen, har vi krav på oss til å heve miljøstandarden ytterlegare. Statsbygg har derfor som mål å setje i verk tiltak for å redusere energiforbruket til under 200 kWh/m2 i gjennomsnitt (graddagskorrigert).

Les meir om energieffektivisering i eigedomsforvaltninga.

 


 
 

SD-anlegg, energioppfølging og -statistikk

Alle eigedommane våre skal ha eit system for sentral driftskontroll (SD-anlegg) og for energioppfølging (EOS), der energiforbruket regelmessig blir registrert og følgt opp. Styring og logging av energiforbruket er viktig for å ha kontroll med CO2-belastninga og kostnader. Det medverkar òg til å bevisstgjere tilsette og brukarane på eigedommane.

Kvart år utarbeider Statsbygg statistikk over energi- og vassforbruket for enkelteigedommane, dei ulike eigedomskategoriane og for heile bygningsmassen. Les meir om energioppfølging og energistatistikk.

 HiBu. Bibliotek. Foto: Jiri Havran

"Mange bekker små" i Buskerud

Gjennom god planlegging og oppfølging har driftsleiinga i Statsbygg i tett samarbeid med leigetakarane og brukarane ved Høgskolen i Buskerud på Hønefoss fått ned energiforbruket betrakteleg.

Les om eit godt eksempel på målbevisst energiarbeid.