Skriv ut med undersider

Miljøbygg under Romsdalsalpane

Publisert 20.12.2012

Statsbygg ferdigstilte forprosjektet for nytt tinghus i Molde i haust. Går alt som planlagt, kan byggjestart skje i starten av 2015. Føresetnaden for dette er at det blir løyvd midlar over Statsbudsjettet i 2014. Forslag til kostnadsramme på byggjeprosjektet er sett til 221,5 millionar kroner.

Tinghuset skal liggje ved Romsdalsfjorden med hovudfasade mot sjøen for å utnytte lysforholda og utsikta maksimalt. Det nye tinghuset skal samtidig uttrykkje domstolane sin vørdnad og vere ein markert og lett gjenkjenneleg bygning i byen.

Funksjonelt

Formålet med prosjektet er å samlokalisere alle dei fire rettsinstansane (Romsdal tingrett, Frostating lagmannsrett, Romsdal jordskifterett og Frostating jordskifteoverrett) i det nye tinghuset. Samtidig vil tryggleiken bli teken hand om på ein betre måte for både tilsette og brukarane. Det nye tinghuset vil gi funksjonelle og tidsriktige lokale til domstolane og bidra til størst mogleg synergieffekt ut av samlokaliseringa.

Miljøvennleg

Det nye tinghuset skal byggjast etter framtidige miljøkrav. Det skal bli bygd etter passivhusstandard med energiklasse A (TEK2015). Det vil seie at bygget må ha ei utforming som syter for minst mogleg varmetap, bruker minst mogleg energi på oppvarming og har lågast mogleg kjølebehov. Målet er at materiala i sum skal sleppe ut berre halvparten så mykje CO2 som eit bygg det vil vere naturleg å samanlikne med.

Kontakt

Olga Synnøve Frafjord
Prosjekteier
Mob. 99726462
Send e-post
Eva Kvandal
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 90173330
Send e-post
Les meir om prosjektet
×