Skriv ut med undersider

Gode statsbyggråd med miljømål

Publisert 21.12.2013

Statsbyggs rådgivingsteneste ønskjer å medverke til at statlege leigetakarar som inngår avtalar i den private marknaden, finn lokale som gir optimale forhold når det gjeld miljø. Derfor har Statsbygg no innført miljømål i rådgivinga si.

For mange er Statsbygg kjend som ein byggherre og ein eigedomsforvaltar av statlege spesial- og formålsbygg, men Statsbygg opererer òg som ein rådgivar for offentlege etatar og institusjonar som søkjer meir tradisjonelle kontorlokale. Dette er lokale i den private leigemarknaden, og staten er totalt sett ein betydeleg aktør i denne marknaden.

Påverke

– I Statsbyggs rådgivingsteneste vil det no vere ein endå klarare miljøprofil enn tidlegare, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg. – Gjennom denne typen rådgiving kan vi påverke den private utleigemarknaden på miljø, og med miljømål kan vi styrkje rolla staten har som føregangsaktør på miljø gjennom leigeavtalar og leigeforhold, seier Nikolaisen.

Miljøkriterium

Statsbygg har utvikla eit planverk som samanliknar miljøprofilen til potensielle kontorlokale i den private marknaden. Desse temaa blir lagde til grunn for å vurdere miljøprofilen:

  • Lokalisering
  • Energimerking
  • Materialbruk
  • Energibruk
  • Arealoptimalisering

Økonomi er òg ein avgjerande parameter. Miljøkriteria kan ha både negative og positive konsekvensar for prisen på leigeobjektet. Somme kundar ønskjer ein høg miljøprofil og prioriterer dette. Energiinnsparing og arealoptimalisering kan òg slå positivt ut på økonomien.

Større rolle

– Når vi gir råd om kontorlokale til statlege aktørar, vil miljømåla vere ein del av dialogen frå tidlegfase. Ei heilskapsvurdering avgjer kva tilbod vi anbefaler kunden å gå vidare med, men bevisstgjeringa rundt miljøprofilen vil spele ei større rolle i framtida, avsluttar Statsbyggs toppsjef.

Kontakt

Pål Weiby
Kommunikasjonsleder
Mob. 92233395
Send e-post
×