Skriv ut med undersider

Første spadetak for Digibygg-pilot

Publisert 03.11.2017

Gol sambruksstasjon og døgnkvileplass er eit pilotprosjekt innanfor digitalisering i byggjebransjen. Denne veka blei det første spadetaket teke. 

– Statsbygg og private aktørar går saman om å teste ut korleis ny digital teknologi kan gjere det enklare og rimelegare å byggje og drifte, fortel prosjektleiar Bjarni S. Einarsson i Statsbygg.

Digital byggjeplass

Prosjektet er ein pilot innanfor Digibygg, som er eit overordna prosjekt for bruken av digitalisering og smart-teknologi i Statsbyggs byggjeprosjekt. Prosjektet vil bruke dei beste digitale verktøya på marknaden der bygningsinformasjonsmodellen (BIM) vil ha ei sentral rolle i alle fasar av prosjektet.

Framdrift, økonomi, miljø, FDV-dokumentasjon og SHA-opplæring og rapportering blir gjennomført via BIM-modellen. Det finst ingen papirteikningar på byggjeplassen. Dette vil gi raskare prosess, lågare kost og auka kvalitet.

Digitale verktøy

Prosjektet skal mellom anna bruke dronar for å hente inn alle relevante geodata, borerobot for å redusere belastande arbeid, få mindre støv og ein ryddig arbeidsplass. Med VR-briller kan ein vere inne i det virtuelle bygget og kan oppleve prosjektet som detaljert og overtydande. Utvida verkelegheit (AR) vil gi ei samansett vising av bygget som prosjektert og bygd.

I tillegg blir drift og vedlikehald av den ferdige bygningen automatisert.

Prosjektet skal gi praktisk erfaring med statussetjing og framdriftsrapportering frå BIM-modellen som grunnlag for vurdering av meir omfattande innføring i framtidige prosjekt.

På biletet: Dronepilot Gudmund Obrestad, Rambøll, byggherreombod Rune Hallingstad, HR Prosjekt, prosjektleiar Anders Saglia, Statens vegvesen, prosjektleiar Bjarni S. Einarsson, Statsbygg, dagleg leiar Even Haug, Mest Bygg, ass. prosjektleiar i VR modus Rebecca Saxe Moldekleiv, Statsbygg og anleggsleiar i AR modus Marc Bosma, Mest Bygg. Dronen som svever over, kartlegg terrenget og gir òg nødvendig data til masseberekningar.

Kontakt

Bjarni S. Einarsson
Prosjektleder
Mob. 45001666
Send e-post
Mirjana M. Rødningen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 48066674
Send e-post
×