Skriv ut med undersider

Statsbygg styrkjer seriøsitetsarbeidet

Publisert 21.11.2017

Statsbygg har inngått kontrakt med Omega AS. IT-systemet HMSREG skal styrkje arbeidet for ei seriøs byggjenæring.

IT-systemet HMSREG har vekt stor interesse i byggjebransjen. Systemet hjelper byggherrar og entreprenørar å følgje opp seriøsitetskrav i leverandørkjeda. Dette gir moglegheit til å invitere entreprenørar til sjølve å gå inn i systemet for å oppdatere mannskapslister og følgje opp eigne tilsette når det gjeld HMS-kort, kompetanse osv. 

Systemet hjelper dermed å oppfylle krava i byggherreforskrifta om at det skal førast elektronisk oversikt over alle som utfører arbeid på byggjeplassen, og det vil òg lette arbeidet til Statsbygg med å godkjenne entreprenørar i prosjekta, på grunnlag av etablerte kriterium.

– Vi har store forventningar til at HMSREG skal effektivisere seriøsitetsarbeidet i Statsbygg, seier avdelingsdirektør Tanja H. Dugstad. – Dette verktøyet gir oss betre oversikt i prosjekta våre. I samarbeid med entreprenørane skaper vi ei meir seriøs og berekraftig byggjenæring.

Statsbygg skal prøve ut systemet i nokre prosjekt, før HMSREG blir rulla ut på alle byggjeplassar. Systemet er òg tenkt brukt til oppfølging av vedlikehaldsarbeid og mindre prosjekt som blir forvalta gjennom rammeavtalar på Statsbyggs eigedommar.

– Vi i Omega er glade og stolte for å bli valde av Statsbygg, seier avdelingsleiar Jan Christian Brataas i Omega Project Systems. – Saman med bransjen og andre IT-leverandørar vil vi arbeide for å skape løysingar som både effektiviserer og styrkjer seriøsitetsarbeidet. Det skal lønne seg å drive seriøst.

Kontakt

Tanja Halonen Dugstad
Fung. avdelingsdirektør
Mob. 92021547
Send e-post
Stig Petter Pettersen
Seniorrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post
×