Skriv ut med undersider

Grep for auka berekraft

Publisert 10.04.2018

Statsbygg har no gått inn i innovasjonsprogrammet Floke. Målet er å gje byggenæringa ein meir sirkulær og berekraftig økonomi.

Dagens byggebransje er prega av ein sokalla lineær økonomi der energi, materialar og andre ressursar brukast utan tanke på gjenbruk. Gjennom deltaking i Floke vil Statsbygg forsøke å endre økonomien i byggenæringa til å bli meir sirkulær, slik at ressursane brukast fleire gonger.

-          Eit godt samarbeid mellom aktørane i bransjen må være på plass for å sette mål og ta tydelege grep for ei grønare framtid, seier administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen.

Floke leiast av Æra Strategic Innovation. Deltakarar frå heile byggenæringa er med i programmet for å jobbe saman om å finne løysningar som er større og meir effektive enn det dei kan klare å få til kvar for seg. Statsbygg samarbeider særleg med buildingSMART Norge og CircularNorway. 

Mykje å hente

Eit av områda der byggebransjen har mest å hente når det gjeld gjenbruk er energi. Bransjen står for 40 prosent av energibruken og 1/3 av alle klimagassutslepp.

-          Dette er tal som er altfor høge. Med Floke kan vi finne løysingar for å senke tala, seier Nikolaisen

I innovasjonsprogrammet vil Statsbygg også sjå nærmare på er korleis teknologi kan brukast for å skape meir berekraftig drift av bygg. Eit anna område er korleis byggebransjen kan utvikle betre bestillingar og anskaffingar som legger ambisiøse føringar for sirkulærøkonomiske løysingar.

Setter standarden

Statsbygg investerte for 5,7 milliardar kroner i 2017 og har stor påverkingskraft i den norske byggebransjen.

-          Som ein av dei store aktørane som bestiller mange tenester og produkt kan vi bidra til å sette standardar og å stille krav, seier Nikolaisen.

Dette er noko Statsbygg har gjort tidlegare, blant anna ved å krevje at entreprenørar må bruke lærlingar.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×