Skriv ut med undersider

Reis som verdens rikaste mann

Publisert 17.04.2018

Du må ikkje ha grunnlagt Amazon for å besøke Jotkajavre eller dei andre fjellstovene i Finnmark. I fantastisk natur er dei tre fjellstovene mellom Alta og Karasjok opne for alle.

Nylig blei det kjent at Amazon-grunnleggar Jeff Bezos tok med seg familien til Nord-Norge. Reisa inkluderte alt frå overnatting på ishotell til skuterkøyring og lunsj på 100 år gamle Jotkajavre fjellstue.

Ved stova vart familien blant anna varta opp med ein tradisjonell samisk bryllaupsrett og kanelbollar.

Unike opplevingar

Du treng heldigvis ikkje å være Jeff Bezos for å nyta uhemma nordnorsk natur. Jotkajavre er ei av tre fjellstover drifta og bemanna av staten, gjennom Statsbygg.

Det er fullt mogleg for ein kvar person å følgje i fotspora til verdas rikaste mann og besøke ei eller fleire av stovene. Hyttene Jotkajarve, Mollisjok og Ravnastua held ope heile året og tar gledeleg i mot gjestar frå fjernt og nær.

- Det er ein helt fantastisk tur å gå mellom hyttene. Turistforeininga har merka opp sommar og vinterløyper. Frå midten av mai er det midnattssol og då er det heilt spesielt å sjå Finnmarksvidda på sitt vakraste, seier eigedomsforvaltar Annik Stigen i Statsbygg.

Hyttene ligger ein dagstur med ski frå kvarandre og ein får oppleve alt naturen har å by på under turen. Kjem ein på vinteren får ein ikkje berre oppleve vinteren nordpå med nordlys og alle opplevingane den bringer med seg. Ein kan også få med seg Europas lengste og tøffaste hundeløp, Finnmarksløpet, om ein kjem til rett tid.

Sjeldan sjanse

Det er ikkje berre den nydelege naturen, eller dei flotte folka ein får oppleve om ein besøker stovene. Det ligg også mykje historikk her. Jotkajavre har to av få bygg som ikkje vart brent ned av tyskarane mot slutten av andre verdskrig. Både gjestestova og stabburet overlevde tilbaketrekkinga og består framleis.

Grunna dei store øydeleggingane etter den tyske tilbaketrekkinga mot slutten av 2. verdskrig, er det veldig få moglegheiter igjen for å få oppleve byggekunst frå førkrigstida i nord.

Praktisk informasjon og bestilling

Jotkajarve fjellstue
Pris: 150 med sengekle – 350 med sovepose
Sengeplassar: 30

Mollisjok fjellstue
Pris: 400 oppredd seng – 250 med sovepose
Sengeplassar: 22

Ravnastua fjellstue
Pris: 360 oppredd seng – 225 med sovepose
Sengeplassar: 30

Kontakt

Annik Stigen
Eiendomsforvalter
Tel. 77625706
Mob. 99241645
Send e-post
Gjermund Jappée
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 41512178
Send e-post
×