Skriv ut med undersider

Rekordhøg byggeaktivitet i Statsbygg

Publisert 09.03.2018

Statsbygg ferdigstilte 14 byggjeprosjekt i 2017. Blant desse finn ein ambassaden i New Delhi og NTNU, Gjøvik. Byggeprosjekta inneheld alt frå nybygg, til påbygg og full rehabilitering av eksisterande byggmasse. 

- Aldri før har Statsbygg hatt so høg aktivitet, fortell administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen.

Dei ferdigstilte byggeprosjekta har hatt ein samla sluttkostnad på rundt 3,2 milliardar kroner. Det største av desse har vore nybygget for fakultetet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen, der prosjektet har hatt ein sluttkostnad på rett under ein milliard kroner. Det minste prosjektet som blei ferdigstilt var ein forskingshall for NORD universitet, Bodø, der sluttkostnaden kom på rett under 20 millionar kroner.

- Det er viktig for oss å levere kvalitetsbygg til avtalt pris og tid, uansett størrelse, seier Nikolaisen.Alle fullførte prosjekt kom i mål innanfor styringsrammene som vart satt og til avtalt tid.

Papirlaust prosjekt

Prosjektet om å bygge nye kontorbygg for Høgskolen i Østfold er det første prosjektet til Statsbygg som er gjennomført utan fysiske papir. Prosjektet har hatt ein sluttkostnad på 44 millionar kroner. Som alternativ til teikningar nytta arbeidarane blant anna handhaldne digitale einingar for å sjå kva dei skal bygge. -Vi satsar digitalt og skal være ein føregangsorganisasjon når det kjem til innovasjon og nytenking, seier Nikolaisen.

Nettopp opna

Eit av prosjekta som vart ferdigstilt i 2017 var rehabiliteringa av Norges Idretthøgskole. Dette prosjektet hadde ein sluttkostnad på rett over 800 millionar kroner. Målet med prosjektet var å rehabilitere eit anlegg som var slitt og utdatert, samtidig som ein passa på å bevare bygget slik det såg ut. Det vart derfor lagt stor vekt på å forme moderne teknologi og materiale inn i noverande ramme, slik at ein behaldt det historiske preget.

Kontakt

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×