Skriv ut med undersider

Publisert 09.03.2018

Statsbygg kosta på 700 millionar kroner i vedlikehald på si bygningsmasse i 2017. Det har aldri blitt brukt meir enn dette på vedlikehald i Statsbygg.

Denne oppgangen kjem av at det har vore gjennomført omfattande arbeid ved blant anna Universitetet i Stavanger, Politihøgskulen, Framsenteret og Høgskulen i Volda. - Dette er viktig for å bevare verdiane i bygga og sikre byggmassen for framtida, seier administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen. - Formålet er at alle bygg Statsbygg eig og forvaltar skal halde god teknisk og miljømessig standard til ei kvar tid.

Fengsel blir satsa på

Den auka satsinga har ført til at Statsbygg no brukar over 300 kroner på kvar kvadratmeter på vedlikehald. Dette utgjer ei auke på 9 kroner per kvadratmeter sidan 2016. Dette viser seg godt i fengselsporteføljen, som over lang tid har vore slitt og gamal, men som takka være auka løyvingar, no blir betre rusta.
Statsbygg gjennomførte i 2017 meir enn 2400 ulike vedlikehaldstiltak på sine eigedommar.

Kontakt

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×