Skriv ut med undersider

Statsbygg inviterer til dialogkonferanse 23. april

Publisert 04.04.2018

Statsbygg skal bygge Norges største universitetsbygg, Livsvitenskapsbygget, i Oslo. Entreprenørar og leverandørar inviterast til å diskutere korleis byggeprosjektet kan få ein god og tidleg utnytting av entreprenørkompetanse. 

Konferansen finn sted i Bjørvika konferansesenter mandag 23. april frå kl 0830-1200. Påmelding innan 16. april.  

Innovasjon 

Livsvitenskapsprosjektet ønskjer å sette nye standardar for utvikling og innovasjon i bransjen. Det skal gjennomførast blant anna med effektiv logistikk langs heile verdikjeda og i alle fasar, samt eit lavt konfliktnivå.

Prosjektet består av eit byggeprosjekt og brukarutstyrsprosjekt med ei ramme på 5,6 milliardar og 1,1 milliardar kroner respektivt.

Satsing på livsvitenskap

Bygget, som skal ligge i Oslo, vil bli senteret i Universitetet i Oslo (UiO) sin satsing på livsvitenskap. Tomta som er på rundt 35 000 kvadratmeter, skal formast til eit forskings- og undervisningsanlegg med mange ulike funksjonar.

Viktig dialog

Denne konferansen handlar primært om overordna kontraktstrategi og korleis oppdelinga av prosjektet bør gjennomførast mot marknaden.

Målet med konferansen er å få til ein god dialog med aktørar i marknaden, samt å få mest mogleg kunnskap om moglegheitene som fins og innspel frå marknaden på kva som er ei god inndeling av prosjektet

Les meir på Doffin

Samarbeid

Nasjonalt program for leverandørutvikling hjelper Statsbygg med denne dialogfasen. Leverandørutviklingsprogrammet ønskjer å være ein pådrivar for at offentlege innkjøp skal bli eit verktøy for innovasjon og omstilling.

Påmelding

For påmelding send e-post til Jorun Gusland Hansen 

Frist for påmelding til konferansen er 16. april.

Kontakt

Alexander Strand
Avdelingsdirektør, Undervisningssektoren
Mob. 40222048
Send e-post
Aleksander Svien
Rådgiver
Mob. 93415455
Send e-post
×