Skriv ut med undersider

Personvern

Når du bruker nettstaden statsbygg.no, blir enkelte opplysningar om deg som besøkande lagra. Opplysningane blir brukte til å betre brukeropplevinga og vidareutvikle nettstaden. 

Bruk av e-postadresser

Statsbygg.no tilbyr nyheitsvarsling pr e-post. Dersom du ønsker denne tenesta, ber vi om e-postadressa di. Adressa blir berre nytta til nyheitsvarsel. 

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Bortsett frå informasjonskapslar som er ein nødvendig del av sjølve publiseringsløysinga for nettstaden, EPiServer, bruker Statsbygg informasjonskapslar for å hente inn statistikk og analysere brukarmønster. Opplysningar om tidspunkt og lengde av besøk, besøkte sider, utførte søk o.l. blir samanstilte og analyserte i statistikkverktøyet Google Analytics.

Vi bruker Google Tag Manager for å hjelpe oss å styre diverse kodesnutter for statistikk og tilpasning. Vi bruker Facebook piksel, slik at vi kan nå deg med våre annonser på Facebook etter at du har besøkt nettsiden. Informasjonskapslene opprettes dersom du er logget på Facebook.

Denne informasjonen bruker vi til vidareutvikling av nettstaden og utbetringar for brukarane. Informasjonen er tilgjengeleg berre for webredaksjonen i Statsbygg og webleverandøren vår (Itera as). Enkeltbrukarar vil ikkje kunne identifiserast ut frå desse informasjonskapslane. Vi bruker òg programtillegget AddThis for å gjere deling av nettsidene våre på sosiale medium mogleg.  Sjå oversikt over informasjonskapslai bruker.

Du kan hindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina di ved å endre innstillingane i nettlesaren. Dersom innstillingane i nettlesaren din godtek informasjonskapslar, er dette å sjå på som eit samtykke etter dei norske reglane

×