Skriv ut med undersider

Slik blei Statsbygg til

Den første byggje- og eigedomsadministrasjonen i Noreg var knytt til militære bygningar og anlegg. Dei sivile bygningane var ikkje under noko fagleg tilsyn før det i 1794 blei tilsett ein bygningsinspektør for offentlege bygningar i og omkring Christiania. 

1816

Etter 1814 var det eit ønske om å gjennomføre ei fastare ordning i den offentlege byggjeverksemda, og i 1816 blei det ved kongeleg resolusjon oppnemnt ein «bygningskyndig konsulent for de offentlige bygninger», bergråd Christian Collett. Denne stillinga er det eigentlege opphavet til den byggje- og eigedomsadministrasjonen som gjennom forskjellige organisasjonsformer fører fram til Statsbygg.

Ordninga med ein bygningskunnig konsulent var over tid openbert ikkje haldbar, og i 1872 uttalte Stortingets budsjettkomité «at en ikke vil tilbageholde en Ytring om at samtlige offentlige statsbygninger i Kristiania bør underlegges bestyrelse og regnskapshold af en bygningskyndig Mand».

1886

Ordninga heldt likevel fram i fleire år trass i påtrykk i saka frå Stortinget. Stortingets engasjement i saka førte til at Finansdepartementet utarbeidde ein proposisjon, som blei godkjend av Stortinget i 1886. Resultatet var at det året etter blei tilsett ein arkitekt som skulle vere staten sin bygningsinspektør og konsulent for byggjesakene til departementa. Med dette blei Statens bygningsinspektorat til.

Omkring hundreårsskiftet var det fleire eksempel på store kostnadsoverskridingar på ein del statlege bygg. Stortingets budsjettkomité kom fram til at årsaka var manglande tilsyn med prosjekta og mangelfull administrasjon. I 1901 sette Finansdepartementet ned ein komité som skulle sjå nærmare på saka. Komiteen la fram innstillinga si i 1903 og anbefalte at det blei oppretta ein riksadministrasjon for offentlege bygg. Dette blei likevel ikkje gjennomført, og etter kvart oppretta forskjellige statlege etatar eigne fagorgan som fekk i oppgåve å kontrollere byggjeaktiviteten til etatane.

1928

Påverknaden som Bygningsinspektoratet hadde, blei på denne måten svekt år for år. Kravet om sentral kontroll vaks seg derimot sterkare og sterkare. Fleire komitear greidde ut spørsmålet, og i 1928 skjedde det ei omorganisering. Saksområdet til Bygningsinspektoratet skulle då i prinsippet omfatte alle bygningane til staten. I praksis blei likevel bygningane til det militære, NSB, Vassdragsvesenet, Fyrvesenet og Opplysningsvesenets Fond unndratt frå forvaltningsområdet. Det var det faglege tilsynet med prosjektering og oppfølging av nybygg som blei lagt til inspektoratet. Bygningsadministrasjon sorterte framleis under kvart enkelt departement. Dessutan blei det ikkje oppretta nokon distriktsadministrasjon, slik at det framleis var bygningar i og rundt Oslo som fekk regelmessig fagleg tilsyn.

1936

Statens bygningsinspektorat blei frå 1936 kalla Riksarkitekten, men beheldt fagområdet sitt praktisk talt uendra..

1960

I 1956 blei Skjåneskomitéen nedsett med oppdraget å gjennomgå administrasjonsordninga for eigedommane og byggjeverksemda til staten. Komiteen la fram innstillinga si i 1957. Ho blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 135 for 1958. Her blei det foreslått å opprette eit direktorat som skulle vere administrativt ansvarleg for planlegging og oppføring av nybygg og for forvaltning av bygningar. Direktoratet skulle altså ha ansvaret både for nybyggverksemda og eigedomsforvaltninga til staten. I tillegg skulle det opprettast distriktsmessig representasjon slik at heile landet kom inn under ansvarsområdet til direktoratet. Stortinget fatta 20. april 1959 vedtak om å opprette Statens byggje- og eigedomsdirektorat etter desse retningslinjene. Direktoratet blei oppretta i 1960.

1993

I 1989 la Hermansen-utvalet fram si innstilling: En bedre organisert stat. I denne utgreiinga skisserer dei eit nytt budsjett- og styringssystem i staten. Rammestyringa, der dei statlege verksemdene sjølve definerer behova og prioriterer innanfor gitte rammer, blei til. Den gamle ordninga med vederlagsfri bruk av staten sine lokale harmoniserte dårleg med dei nye budsjetteringsprinsippa. Det blei på denne bakgrunnen sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som kom med innstillinga NOU 1991:5 Modernisering av den statlige eiendomsforvaltning. Denne innstillinga ble følgd opp i St. prp. nr. 63 i 1991.

Forslaget gjekk ut på at alle statlege verksemder i sivil sektor skulle belastast husleige i driftsbudsjettet – også for bruk av staten sine eigne lokale. Statens byggje- og eigedomsdirektorat skulle organiserast som ei nettobudsjettert forvaltningsbedrift, med krav til driftsresultat, der investeringar blei aktiverte med berekning av renter og avskrivingar for investeringar gjorde etter 1.1.1993, i tillegg til at det blei oppretta eit reguleringsfond for forvaltningsbedrifta. Forvaltningsbedrifta Statsbygg blei oppretta 1.1.1993. Innføringa av sjølve husleigeordninga i bygningane til staten skjedde derimot trinnvis.

Innføringa av husleigeordninga i lokala til staten inneber at leige av lokale under Statsbyggs forvaltning skjer på vanlege marknadsvilkår. Dette vil seie at fagdepartementa ved kontraktsutløp vil kunne forhandle på fritt grunnlag både om lengda på leigetida, pris og størrelsen på areal. Samtidig fekk fagdepartementet same fridomen med omsyn til avtalar med private utleigarar. Departementa, eventuelt – etter fullmakt – brukaretatane sjølve, kan etter dette fritt leige lokale frå kva som helst huseigar dei sjølve måtte ønske, så lenge dei har dekning for husleiga i budsjettet. Statsbygg er etter gjeldande ordning framleis staten sin byggherre for dei fleste verksemdene i sivil sektor, med unntak av den statlege forretningsverksemda.

1999

Stortinget vedtek omorganisering og skil ut ein del av verksemda til eit eige statleg heileigd aksjeselskap – Entra Eiendom AS. 

Leiarar sidan 1816

1816 - 1833 Christian Collett
1833 - 1865 Christian Henrik Grosch
1865 - 1887 Georg Andreas Bull
1887 - 1920 Adolf Schirmer
1920 - 1925 Carl Emil Bärnholdt
1925 - 1946 Fredrik Crawfurt-Jensen
1946 - 1948 Johannes Th. Westbye
1948 - 1959 Knut Martens Sinding-Larsen
1960    Einar Grøstad
1960 - 1961 Jacob Modalsli
1961 - 1971 Per Strøm
1972 - 1982 Harald Winter-Hjelm
1982 - 1992 Per Eikeland
1993 - 1994 Per Eikeland
1994 - 1997 Kjell Brevik
1997 - 1998 Roar Bjordal
1998 - 2000 Halvor Stormoen
2001 - 2013 Øivind Christoffersen
2013 -          Harald Vaagaasar Nikolaisen

×