Skriv ut med undersider

Kjøp og sal

Statsbygg skal sørgje for funksjonelle lokale til statlege leigetakarar. Eigedommar som ikkje har statlege leigetakarar, blir anten solgt eller leigd ut til private. Statsbygg kjøper eigedommar for å dekkje statlege behov for lokale på kort og lang sikt.

Eigedomstransaksjonar skjer i hovudsak når leigetakar flytter og staten ikkje lenger har behov for eigedommen. I andre tilfelle får Statsbygg oppdragsbrev frå leigetakar om byggjeprosjekt eller kjøp av tomt med eller utan bygningsmasse.

Når ein eigedom blir ledig, undersøkjer vi først om det finst ein annan mogleg statleg leigetakar. Dersom ikkje kan eigedommen bli leigd ut til andre eller seld.

Sal

Avhending betyr at noko går frå ein eigar til ein annan. Avhendingsinstruksen frå 1997 gir reglar for sal av statseigedommar. Utgangspunktet er at avhending skal skje på den måten som gir det beste økonomiske resultatet for staten. Hovudregelen er sal i den frie marknaden til den som har det høgaste bodet. Det vil seie at statseigedommane skal seljast til marknadspris. Når eigedommen har liten verdi eller berre eit mindre tal på kjøparar er aktuelle, kan direktesal vurderast. Då må salsprisen ikkje vere lågare enn verditakst basert på marknadspris.

Utleige

Statsbygg leiger for det meste ut lokale til statlege verksemder, men til enkelte private aktørar òg. Ansvar for gjennomføring av forvaltning, drift- og vedlikehaldsoppgåver, i tillegg til kostnadene for desse tenestene, blir fordelte mellom utleigar og leigetakar.

Kjøp

Når staten skal kjøpe eigedom til eit byggjeprosjekt, og det ikkje er bestemt kvar prosjektet skal byggjast, annonserer vi etter aktuelle alternativ. Etter synfaring, vurdering av tilstanden på tomta, plassering, og andre aktuelle forhold, startar forhandlingar om ein eller fleire eigedommar. Av og til ber oppdragsgivar Statsbygg om å vurdere ein spesiell eigedom, for eksempel når leigetakar skal utvide verksemda si og har behov for ytterlegare areal. I slike tilfelle blir det forhandla direkte med den aktuelle eigaren/heimelshavaren av eigedommen.

Kontakt

Margrethe Fløystad
Avdelingsdirektør
Mob. 97181246
Send e-post
×