Skriv ut med undersider

Meir om kjøp av tomt og eigedom

Publisert 14.05.2014

Statsbygg skal sikre funksjonelle lokale til statlege verksemder. Dette inneber at vi kjøper tomt og eigedommar når dette er påkravd. 

Kjøp av tomt til nybygg

I byggjeprosjekt blir tomter ofte kjøpte etter ein annonseringsrunde. Etter synfaring og totalvurdering av tilstanden til tomtene, plassering, forureining og transportmoglegheiter startar forhandlingar om ei eller fleire tomter. For å få riktig verdi blir eigedommen taksert. Mens ein ventar på for eksempel ferdigstilling av planarbeid, delingsarbeid og oppreinsking av forureining, blir ein kjøpsopsjon eller ei vilkårsbunden kjøpskontrakt signert. Når alle atterhald er avklara, kan kontrakten godkjennast, kjøpesummen overførast til seljar og heimelen tinglysast på staten ved Statsbygg.

Kjøp av tomt med eksisterande bygningsmasse

Leigetakar fremjar ofte forslag om kjøp av eigedommar med bygningsmasse. I slike tilfelle vil det vere behov for nærmare gjennomgang av sjølve bygningsmassen, og det blir bestilt ein tilstandsrapport på eigedommen for å rekne på kostnadene ved ombyggingar og tilpassingar til bruken til leigetakar. Minstekrava Statsbygg har til tilstanden til bygningsmassen før eigedommen kan tilbydast leigetakar, er at bygningsmassen oppfyller krava i forskriftene.

Kjøp av spesifisert eigedom

Av og til ber oppdragsgivar Statsbygg om å vurdere ei spesifisert tomt, anten til nybygg eller fordi leigetakar skal utvide verksemda si og har behov for meir areal. I slike tilfelle blir det forhandla direkte med den aktuelle eigaren/heimelshavaren av eigedommen.

Unntaksvis kjøper Statsbygg eigedommar av strategiske omsyn. Dette er typisk ved store kundar som signaliserer eit snarleg behov for utviding, men der det endelege administrative vedtaket ikkje er fatta, og der eigedomsretten må sikrast. Det kan òg vere at den aktuelle eigedommen blir lagd ut i den opne eigedomsmarknaden, og Statsbygg ønskjer å sikre seg eigedommen for å dekkje framtidige behov.

Slike kjøp blir gjennomførte når det er låg risiko knytt til kjøpet, for eksempel når eigedommen ligg sentralt slik at det er enkelt å selje han til tilsvarande pris dersom han ikkje blir teken i bruk.

×