Skriv ut med undersider

Meir om sal av statleg eigedom

Avhending er ein prosess der statleg eigedom blir seld. 

Når ein av Statsbygg sine leigetakarar flytter og eigedommen blir ledig, blir eigedommen seld etter Avhendingsinstruksen. I første omgang undersøkjer vi om eigedommen kan brukast av våre andre leigetakarar. Dersom det ikkje er tilfelle, sender vi ein førespurnad til alle departementa og Fylkesmannen i fylket der eigedommen ligg, om det finst eit anna statleg behov. Dersom ikkje blir han seld på den opne eigedomsmarknaden.

Som regel bruker vi eigedomsmeklar til dette arbeidet, men avhendingsinstruksen opnar for at Statsbygg sjølv kan utføre salet. Dette blir som oftast berre gjort dersom det er eit direktesal. Avhendingsinstruksen opnar unntaksvis for direktesal, for eksempel dersom det etter nærmare vurderingar berre er éin aktuell kjøpar. Som oftast er dette direktesal til andre offentlege instansar, for eksempel kommunen der eigedommen ligg, og svært sjeldan direkte til private.

Er eigedommen over 50 år, varslar vi Riksantikvaren om salet. Dette gjer vi for at Riksantikvaren skal kunne vurdere om eigedommen skal vernast. For å kunne fastslå riktig verdi på eigedommen hentar vi inn takst og/eller tilstandsrapport som interessentane får. Elles blir salet gjennomført etter vanlege salsprosedyrar.

×