Skriv ut med undersider

Regjeringskvartalet

Regjeringskvartalet er bygningane i kvartala langs og mellom Akersgata og Grubbegata i Oslo sentrum. Her held ei rekkje departement og regjeringskontor til. 

Diskusjonen om samlokalisering av regjeringskontora kom i gang kort tid etter 1814 og vara i dryge 50 år. Gjennom desse åra flytta fleire delar av sentraladministrasjonen til Empirekvartalet i Akersgata, der Rikshospitalet hadde halde til. Diskusjonen enda med einigheit om å byggje ein regjeringsbygning nettopp i Empirekvartalet. Ein arkitektkonkurranse blei arrangert i 1891 og blei vunnen av Stener Lenschow, med eit utkast basert på ei H-forma planløysing.

Då Stortinget løyvde pengar til å setje i gang i 1898, måtte Lenschow trekkje seg på grunn av helseproblem. Prosjektet blei teke over av arkitekt Henrik Bull, som var nummer to i konkurransen. Han gjorde om prosjektet til ein nasjonalromantisk jugendstil.

Sørfløya i det store komplekset blei oppført og stod ferdig i 1906. Ho rommar i dag Finansdepartementet. Fasadane blei utførte i naturstein etter ønske frå byggjekomiteen, sjølv om det gjorde bygningen dyrare. Fullføring av komplekset blei utsett på grunn av pengemangel. Den oppførte sørfløya var den første bygningen som fekk Houens fonds diplom for god arkitektur, ein pris som framleis heng svært høgt.

Regjeringa trong meir plass, men før ein kunne finansiere fleire nybygg, var Bull og Lenschows planar blitt umoderne. I 1939 blei det derfor arrangert ny konkurranse, denne gongen heitte det «kontorbygg for staten», og konkurransetemaet handla om «fra fordums pomp og prakt til moderne pragmatisme». Det viste seg å vere vanskeleg å kåre nokon vinnar, og ein ny debatt om lokalisering kom i gang. Fire forslag blei sende til omkonkurranse, men krigen kom, og heile byggjesaka stoppa opp i fem år.

Den eine av dei fire valde arkitektane, Ove Bang, døydde uventa i 1942, og det blei aldri halde nokon ny konkurranserunde. I staden gjekk ein jury gjennom dei fire forslaga frå 1939 og valde Erling Viksjøs utkast til utføring. Første trinnet, høgblokka, blei oppført 1952–58. Ho fekk kunstnarisk utsmykking integrert i betongen av Carl Nesjar, basert på teikningar av mellom andre Pablo Picasso. For å gi plass reiv ein Rikshospitalets gamle hovudbygning i mur, teikna av arkitekt Grosch. Militærhospitalet blei demontert og mange år seinare oppført på nytt på Grev Wedels plass 1.

1967–69 blei Y-blokka bygd etter Viksjø sitt utkast og med fleire utsmykkingar av Picasso og Nesjar. Den siste bygningen Viksjø hadde teikna, på andre sida av Grubbegata, blei aldri oppført. S-blokka frå 1976–78 følgde derimot Viksjø sin idé om plassering. Også R4 frå 1985–88 følgde ideen til Viksjø. Neste byggjetrinn, R5, blei oppført 1992–96, arkitekt var Torstein Ramberg. I løpet av perioden 2009 til 2012 kom R6 til (BA arkitekter / Narud Stokke Wiig), som omfattar både nybygg, rehabilitering av eit eksisterande bygg og restaurering av den freda enkepensjonskassen i Keysers gate. Sjå eiga eigedomsside for R6.

Uteanlegget, Regjeringsparken, er resultat av ein konkurranse frå 1990, vunnen av Lunde og Løvseth AS og laga i 1994–96.

Regjeringskvartalet fekk store skadar i terrorangrepet 22. juli 2011. Sikring og opprydding av området blei gjennomført som eit eige prosjekt. Eige prosjekt er òg bygginga av «nytt regjeringskvartal». Sjå prosjektsidene.

Les meir om Regjeringskvartalet på regjeringen.no.

Vern

I landsverneplan for Kommunal- og moderniseringsdepartementet (den gongen FAD) var det slått føre å frede mellom anna Finansdepartementet (G-blokka), høgblokka, Y-blokka, R5 og Keysers gate 8. Terrorangrepet 22. juli 2011 fekk store konsekvensar for regjeringskvartalet, og eit større prosjekt for nytt regjeringskvartal blei sett i gang. I prosjektet blir òg spørsmålet om vern av bygningar og anlegg vurdert på nytt.

Eiendom. Forvaltes
Regjeringsbygg

Akersgata 42

0158 OSLO

Fakta

Eiendomstype: regjeringsbygg
Tomteareal: ca 20300 m2
Brutto gulvareal: ca 71970 m2
Leietakere:
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • Drpartementenes Sikkerhets- og Serviceorg. (Dss)

×