Skriv ut med undersider

Riksarkivet

Riksarkivbygningen ligg høgt plassert i overgangen mellom bybusetnaden og Nordmarka i Oslo, like ved endestasjonen på Sognsvannsbanen.

Etter ein lang byggjesaksprosess kunne Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo i 1978 flytte inn i den nye Riksarkivbygningen. Arkitektar var Carlsen & Mostue. Tomta blei vald ut frå kriterium som tryggleik for arkivet og moglegheiter for vidare utvidingar av bygget.

Ved innflyttinga var magasinkapasiteten anslått til 90 000 hyllemeter. Behovet for auka kapasitet melde seg på starten av 1990-talet. Byggjeprogram for ny magasinhall blei godkjent i 1993, og på nyåret i 1998 stod ein ny magasinhall ferdig og klar for overtaking, med ein brutto kapasitet på ca. 40 000 hyllemeter. I tillegg fekk ein eit større og betre område for mottak av materiale enn tidlegare.

I 2005 blei eit prosjekt for tilbygg og ombygging ferdig. Og endå ein hall blei ferdig i 2009, med omtrent 44 500 hyllemeter.

Eigedommen er sterkt kupert med tettvaksne bjørketre. Administrasjonsbygget er trekt ned frå kolletoppen til ei flatare hylle mot nordvest. Arkivhallane ligg under kolletoppen. På den måten held kollen på forma eller silhuetten. Det er prøvd å halde på den opphavlege skogkarakteren inn til bygningsveggene så langt det er mogleg. Opphavleg krattskog mot banen er fjerna, og bjørkeskogen er supplert, med ønske om at bygningen skal vise seg gjennom eit «filter» av bjørketre som gir ei lett, lys og nordisk kjensle til området.

Eiendom. Forvaltes
Offentlig adm. og tjenesteyting

Sognsveien 221

0862 OSLO

Fakta

Eiendomstype: offentlig adm. og tjenesteyting
Tomteareal: ca 20700 m2
Brutto gulvareal: ca 32490 m2
Leietakere:
  • Arkivverket
Monica Skeimo
Eiendomsforvalter
Mob. 90040085
Send e-post

×