Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
Foto: Thomas Bjørnflaten
Foto: Morten Brun
Foto: Trond Isaksen
 

SHA i Statsbygg

Som byggherre og eigedomsforvaltar har Statsbygg det overordna ansvaret for tilfredsstillande tryggleik, helse og arbeidsmiljø (SHA) både i byggjeprosjekta våre og etter at bygga er tekne i bruk.

Byggherreforskrifta har som formål å verne arbeidstakarar mot farar på byggje- eller anleggsplassar. Forskriftene beskriv dei pliktene byggherren har i samband med

  • planlegging, prosjektering og utføring

ved mellom anna

  • oppføring av bygningar
  • innreiings- og installasjonsarbeid
  • riving, ombygging, reparasjonar og vedlikehald

Som ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg har Statsbygg eit spesielt ansvar for å ta hand om oppgåvene i byggherreforskrifta på ein god måte og vere ein pådrivar i bransjen for godt SHA-arbeid. Les om byggherreforskrifta hos Arbeidstilsynet.

SHA i byggjeprosjekta

Grunnlaget for trygge byggjeplassar med eit godt arbeidsmiljø blir lagt i prosjekteringsfasen. Tett oppfølging i byggjeperioden skal sørgje for den nødvendige vektlegginga av SHA fram til bygget står ferdig. Les meir om Statsbygg sitt arbeid med SHA i byggjeprosjekta.

SHA i eigedomsforvaltninga

Byggherreforskrifta gjeld også i samband med drifta av og vedlikehaldsarbeidet på eigedommane.

SHA-publikasjonar

Last ned nokre aktuelle publikasjonar frå Statsbygg

 

SHA-kontaktar i Statsbygg

  • Byggherreavdelinga: Jan Arnesen mobil 900 26 231
  • Byggherreavdelinga: Knut Farholm tlf. 22 95 43 76
  • Byggherreavdelinga: Rikke Monrad-Hansen tlf. 22 95 42 90
  • Eigedomsavdelinga: Tore Rømyr tlf. 22 95 44 49

  •