Statsbygg tek byggherreansvaret på alvor
Grunnlaget for trygge byggjeplassar med eit godt arbeidsmiljø blir lagt i prosjekteringsfasen. Tett oppfølging i byggjeperioden sikrar nødvendig vektlegging av SHA fram til bygget står ferdig.
Krava om SHA i lover og forskrifter er konkretiserte i konkurransegrunnlaget for dei prosjekterande og utførande. I tillegg følgjer Statsbygg tett opp i alle fasane frå prosjektering til bygging - ved å gi informasjon og råd, utføre revisjonar og inspeksjonar.
Målet er at alle dei involverte partane i eit byggjeprosjekt skal vere merksame på SHA i arbeidet og ha auka kompetansen sin på SHA når prosjektet er ferdig. Samarbeidspartnarane våre opplever den tette oppfølginga vi gir som positiv og lærerik.
I tillegg følgjer Statsbygg aktivt opp handlingsplanen mot sosial dumping frå regjeringa og arbeider for seriøsitet i alle ledda i byggjeprosjekteta. Les meir om Statsbygg og seriøsitet.
Inspeksjonar og revisjonar
For å følgje opp, kontrollere og få vite statusen på korleis SHA blir handtert på byggjeplassane til Statsbygg, har vi jamnlege byggjeplassbesøk i form av SHA-inspeksjonar, vernerundar, revisjonar osb.
StartBANK
StartBANK er eit leverandørregister som skal brukast ved kontrahering av entreprenørar. Som offentleg byggherre kan ikkje Statsbygg krevje at leverandørane våre skal vere registrerte i StartBANK, men Statsbygg skal vere pådrivar og oppmode eksisterande og nye leverandørar til å registrere seg i StartBANK. Les meir om StartBANK.