Anskaffing av arkitekttenester
Statsbygg set klare arkitektoniske krav i byggjeprosjekta sine. Det betyr òg at vi stiller store krav til dei som skal levere arkitekttenester.
Uavhengig av byggjeprosjekt skal arbeidet vårt bidra til at vi
- leverer prosjekt med god arkitektonisk kvalitet, høg bruksverdi og god areal- og kostnadseffektivitet
- styrkjer profesjonaliteten vår ved anskaffing av arkitekttenester
- oppnår kvalitet og effektivitet gjennom betre samarbeid mellom involverte aktørar
- sikrar at alle som medverkar i byggjeprosessen, kjenner forventningane og prioriteringane vi som oppdragsgivar har, og kva mål vi arbeider mot
Målet er å oppnå systematisk, dokumenterbar kunnskap om fordelar og ulemper ved ulike gjennomføringsmåtar for anskaffing av arkitekttenester og ta denne kunnskapen i bruk.
Utprøving av anskaffingsformer
Statsbygg prøver ut ulike anskaffingsformer og samlar kunnskap om moglegheiter og avgrensingar ved desse. Dette arbeidet skal danne grunnlaget for eventuelle utbetringar og val i framtida. Statsbygg har òg teke initiativ til samarbeid med andre byggherrar i bransjen for å analysere ulike anskaffingsformer. Eit sentralt mål for samarbeidet er å styrkje den faglege utviklinga av arkitektbransjen.
I perioden 2014–2015 samanstilte vi erfaringane som grunnlag for vidare arbeid og kompetanseheving. Innsamling og systematisering av kunnskap frå prøveprosjekta blir gjennomførte som eit forskings- og utviklingsprosjekt (FoU). Arbeidet skal resultere i betre forståing av utviklingsbehov i bransjen og gi grunnlag for å optimalisere innkjøp av framtidige arkitekttenester.