Skriv ut med undersider

Landsverneplanar

Statlege eigarar av kulturhistoriske eigedommar er pålagde å utforme sektorvise landsverneplanar. Desse gir ei oversikt over alle dei verneverdige eigedommane til staten.

Statsbygg har som oppgåve å lage landsverneplanar for fire departement: Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Arbeidet blir utført i nært samarbeid med desse og med Riksantikvaren.

Dei andre eigedommane Statsbygg forvaltar, er behandla i landsverneplanar frå dei respektive departementa. I tillegg arbeider vi med ein eigen plan for dei eigedommane vi forvaltar, og som ikkje høyrer til eit departement.

Verneklassar

I landsverneplanane blir eigedommane grupperte i to verneklassar.

  • Bygningar i verneklasse 1 blir freda av Riksantikvaren etter kulturminnelova. Alle endringar på desse må godkjennast av Riksantikvaren.
  • Verneklasse 2 er eit sjølvpålagd vern, forankra i ansvarleg departement og sørgt for av den ansvarlege forvaltaren. I nokre tilfelle skjer det òg gjennom kommunale planar etter plan- og bygningslova. 

I Statsbygg lagar vi ein forvaltningsplan for alle eigedommane, uavhengig av verneklasse, for å sikre at eigedommane blir forvalta på ein forsvarleg og god måte.

Kontaktpersonar

Øivind Skøien
Seniorrådgiver
Mob. 99520216
Send e-post
Charlotte Peder-Ellefsen
Seniorrådgiver
Mob. 93467670
Send e-post
×