Skriv ut med undersider

Verdien av kulturminner

Kulturminne er både materielle og immaterielle. Eit kulturminne er derfor alt frå handverksteknikkar i lafting og måling til gamle sorenskrivargardar, fengsel og historiske museum. 

Å setje i stand kulturminne, for eksempel eit gammalt høgskolebygg, har verdi i seg sjølv ved at bygget blir ført tilbake til tidlegare prakt, til glede for oss som lever no, og for seinare generasjonar. Det fortel òg ei historie og er verdifull dokumentasjon på korleis samfunnet og omgivnadene har utvikla seg gjennom tidene.

Arbeidet med å setje i stand kulturminne har òg ein økonomisk verdi. For eksempel inneber det sysselsetjing for fleire næringar, ikkje berre byggjebransjen. I enkelte tilfelle bidreg arbeidet òg til at gamle handverkstradisjonar og -kunnskapar blir haldne ved like.

Ny næringsvirksomhet med kulturminner

Vi ser stadig eksempel på at kulturminne blir tekne i bruk i utviklinga av levande lokalsamfunn, og gir grunnlag for ny næringsverksemd. Pilegrimsleier, serverings- og overnattingsstader, konsertarenaer er eksempel på prosjekt som har blitt realiserte i tilknyting til kulturminne. Kulturminne legg òg grunnlag for turisme. Bergskrivergården på Røros og Eidsvollsbygningen er to eksempel på dette.

Verning av kulturminne har dermed verdi på mange plan: for samfunnet, for enkeltmenneske, for næringslivet og for stadene der dei finst.

×