Skriv ut med undersider

Universell utforming i Statsbygg

Det er ei målsetting at Statsbyggs arbeids-og publikumsbygg (unntatt fengsler) skal være universelt utformet innen 2025. Statsbygg har utarbeide ein ny handlingsplan for dette arbeidet for perioden 2017-2021.

Universell utforming betyr at byggverk og uteareal skal utformast, så langt det er mogleg, på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske.

Handlingsplan for universell utforming

Statsbygg har som overordna mål at alle byggjeprosjekt skal vere i samsvar med prinsippa om universell utforming, og at alle bygga vi forvaltar, skal vere universelt utforma innan år 2025. For å nå dette målet har vi laga ein handlingsplan. Handlingsplanen for 2017-2021 tek omsyn til både samfunnsinteresser, økonomiske forpliktingar og kunnskapsutfordringar på feltet.

I ein del tilfelle kjem målet om universell utforming i konflikt med andre omsyn. Det kan mellom anna vere vanskeleg å oppnå universell utforming i verneverdige bygg. Innanfor bygningsmassen vil det derfor vere nokre bygg, eller delar av bygg, der det ikkje er mogleg å fullt ut leggje til rette for alle.

Statsbygg har nettopp vedteke ein handlingsplan for 2017-2021 (sjå høgre marg). 

Bygg for alle

Statsbygg har dei seinare åra gjennomført ei omfattande kartlegging av universell utforming i bygga vi forvaltar. Nettstaden Bygg for alle viser kor tilgjengeleg bygga vi forvaltar, er. Over 700 statsbygg er no registrerte i Bygg for alle. Det betyr at publikum på førehand kan sjekke bygget, alt frå inngangen til dei ulike besøksromma. Mange kommunar, fylkeskommunar og andre institusjonar bruker no Bygg for alle i forvaltninga si.

Regjeringens handlingsplan 2015-2019

Les denne på regjeringen.no.

Kontaktpersonar

Åse Benedikte Danbolt
Seniorrådgiver
Mob. 41540110
Send e-post
Åsne Fjellanger
Seniorarkitekt
Mob. 48118793
Send e-post
NYTTIGE NETTSIDER

×