Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Universell utforming i Statsbygg

Med bakgrunn i det overordna ønsket om likeverd og tilgjengeligheit, skal Statsbygg følgje opp samfunnsmålet om at produkt, byggverk og uteområde blir utforma slik at hovudløysninga er universelt utforma. Dette gjeld for dei eksisterande eigedommane våre og i byggje- og rådgivingsprosjekta våre. Statsbygg skal vere ein rollemodell for byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa.

  Merking av trapp. Foto: Trond Isaksen

Handlingsplan 2011-2015

Vi har satt oss fem mål for universell utforming. Desse handlar om:
1. nybygg, ombygging, tilbygg og rehabilitering
2. eksisterande bygningar
3. byggforalle.no
4. bygningsinformasjonsmodellar - BIM for UU
5. kompetanseheving
 Les meir om Statsbyggs handlingsplan 2011-2015.
 
 

GelendreEigedomsforvaltninga

Statsbygg forvalter ein bygningsmasse som for ein stor del er av eldre årgang. Om lag 1000 bygg har behov for ulike tiltak for å møte dagens krav. Les om tiltak og sjå eksempel frå dei eksisterande eigedommane.

Vi driv ei omfattande kartlegging av eigedommane våre med tanke på universell utforming. På nettstaden byggforalle.no finn ein informasjon om tilgjengelegheit i publikumsbygga våre. Les om Bygg for alle.  

 

 BIM-modell

Nybygg, ombygging, rehabilitering

Statsbygg har til ein kvar tid om lag 160 byggjeprosjekt i ulike fasar. Her blir krav om universell utforming stilte i kravspesifikasjonane, det vil seie i byggjeprogram, prosjekteringsrettleiingar og ytingsbeskrivingar. Prosjekta skal ha eigne uu-ambisjonar som er strategisk underbygde.

Når prosjektering skjer med bruk av BIM,  kan ein mellom anna sjekke ut om ulike uu-krav er tilfredsstilte.

 

 Merking av heis. Foto: Jaro Hollan  

Rådgiving

Staten har ambisiøse mål for miljø, universell utforming, arkitektur og kulturminneforvaltning. Statsbygg tilbyr rådgiving for departementer og statlege verksemder. Les meir om dette.