Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Eigedomsforvaltning

Hovudmålet for eigedomsforvaltninga er å ta vare på statens eigedomsverdiar gjennom rasjonell drift og forsvarleg vedlikehald. Eigedomsforvaltninga skal ta vare på nasjonale kulturhistoriske verdiar og syte for god utnytting av statens eigedommar gjennom eigedomsutvikling. Eit anna viktig mål er å forvalte og drifte eigedommane slik at Statsbyggs kundar blir mest mogleg nøgde.

Drift og forvaltning

Det er Statsbyggs regionkontor i Oslo, Porsgrunn, Bergen, Trondheim og Tromsø som står for forvaltninga av eigedomsporteføljen. Statsbygg har sitt eige driftspersonell på eigedommane. Ei eiga avdeling for utanlandseigedommar har ansvaret for å forvaltninga av eigedommane i utlandet. Statsbygg har brukt store ressursar for å oppnå rasjonell og energiøkonomisk riktig drift av eigedomsmassen. Alle eigedommane har internkontrollsystem.

Vedlikehald

Eit hovudprinsipp er å drive førebyggjande vedlikehald for å auke levetida på statens bygningar og anlegg. Statsbygg har skaffa seg eigne databaserte system for å planleggje vedlikehaldstiltak og systematisk følgje opp vedlikehaldsoppgåver.

Energibruk

Energiøkonomisering har i mange år vore eit prioritert satsingsområde innan eigedomsdrifta. Det er oppretta energinettverk i alle regionar, kvart år blir det halde enøkkurs, og fysiske enøktiltak blir gjennomførte heile tida.
Les meir om energi på miljøsidene våre.

Tilgjengeligheit

Dei bygningane som Statsbygg forvaltar, skal registrerast, og det skal gjennomførast tiltak med sikte på å oppnå universell utforming. Dette blir gjort for at bygningane våre i størst mogleg grad skal vere tilgjengelege for alle.
Les meir om Statsbyggs arbeid med universell utforming i eksisterande bygningar.


Til Kunderom

nettsider med nyttig innhold for våre leietakere.