Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Vedlikehald

Verdibevarande vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg er eit overordna mål for eigedomsforvaltninga i Statsbygg. Ved ombyggingar og større utskiftingar skal det leggjast vekt på miljø, energifleksibilitet, universell utforming og kulturminnevern.

Verdibevarande vedlikehald

Vedlikehaldsstrategien til Statsbygg byggjer på verdibevarande vedlikehald, det vil seie arbeid som er nødvendig for å halde ved like verdien til bygningen gjennom levetida.

  • Alle bygg skal ha godt inneklima og utviklast slik at dei er funksjonelle og har høg brukskvalitet 
  • Eigedommane skal forvaltast på ein miljømessig riktig måte. Ved ombyggingar og større utskiftingar av tekniske anlegg skal det leggjast vekt på omsynet til miljø, energifleksibilitet, tilgjengeligheit og kulturminnevern. 
  • Energiforbruket skal overvakast, og det skal setjast i verk energisparetiltak, både for å innfri eigne miljøkrav og for å redusere driftskostnadene for brukarane. 
  • Statistikkar og nøkkeltal skal brukast for å kontrollere eigne måltal. 
  • Det skal vere systematisk kompetanseutvikling i alle ledd i driftsorganisasjonen. 
  • Det skal finnast eit system for vedlikehaldsplanlegging og førebyggjande vedlikehald på alle eigedommar.

Kostnadar 2007-2009

Kostnader (kr per kvm inkl. mva.) til vedlikehald i Statsbygg 2007–2009 (Samla areal ca. 2,3 mill. m2)

2007 2008 2009
Planlagt vedlikehald 73 86 167
Utskiftingar 34 33 43
Utvikling 22 24 45
Totalt 129 143 255 *

 

Statsbygg følgjer NS3454 i kostnadsfordelinga. Kostnadene omfattar så vel eigar som leigetakar sine kostnader (utvendig og innvendig vedlikehald). Utvikling av eigedom som kontinuerleg ombygging og offentlege krav og pålegg inngår òg.

* I 2009 fekk Statsbygg tildelt midlar frå Regjeringa si tiltakspakke til konkrete vedlikehaldstiltak. Dette er bakgrunnen for den store auken i kostnadene frå 2008 til 2009.

I 2009 overtok Statsbygg forvaltninga av dei statlege fengselseigedommane. Kostnader til desse er foreløpig ikkje tekne med i statistikken.