Skriv ut med undersider

Svalbard globale frøkvelv: Gruppe skal gi råd om tiltak

Publisert 29.05.2017

Statsbygg har inngått avtale med rådgivarfirma som skal foreslå ulike utbetringstiltak for tilkomsttunnelen til Svalbard globale frøkvelv. 

Firmaet Dr. Techn. Olav Olsen er tildelt kontrakten med å sjå på ulike moglegheiter for å utbetre tilkomsttunellen til frølageret. Hensikta er å styrkje tryggleiken i eit langsiktig perspektiv. Snøhetta, Instanes Polar, Erichsen & Horgen, NGI og ECT blir med som underrådgivarar for oppdraget.

Utbetringar

Etter meir enn ni års drift står Svalbard globale frøkvelv overfor tekniske utbetringar. Bakgrunnen er at permafrosten ikkje har etablert seg som planlagt.
Gruppa leidd av Dr. Techn. Olav Olsen skal sjå på moglege løysingar for å stå imot auka vassmengder som følgje av våtare og varmare klima på Svalbard.

Forslag til våren

Det er sett av 14 millionar kroner til utgreiing og prosjekteringsarbeid, og gruppa skal ha ferdig eit forslag til våren 2018.
Tiltaka er eit ledd i ein langsiktig plan for å tryggje frøkvelven meir, basert på ei «føre var»-haldning.

Kontakt

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×