Skriv ut med undersider

Fengselspris til Statsbygg

Publisert 10.08.2018

Statsbygg er tildelt «Beste praksis»-prisen for arbeidet med å byggje fengsel billigare og raskare. 

Det er byggjenæringa si satsing Bygg21 som deler ut prisen. Statsbygg får utmerkinga saman med Kriminalomsorgsdirektoratet.

I grunngivinga frå juryen heiter det mellom anna:

«Behovet for nye fengsler fra 2015 har krevd kortere byggetid og satt fart i arbeidet med å effektivisere prosjektene. Konseptet for nye fengselsbygg ble tatt frem på fire måneder. Tiden fra plan til ferdig bygg er nå ca. 2,5 år, noe som er mer enn en halvering i forhold til tidligere prosjekter. Byggekostnadene er lavere enn for 10 år siden».

300 soningsplassar

Prisen blir delt ut måndag 13. august på byggjeplassen for nye Agder fengsel avdeling Froland.

Her er det første bygget no i ferd med å reise seg, grunnarbeida er i gang, og det same er betongarbeida. Med ei kostnadsramme på oppunder 1,9 mrd. kroner vil nye Agder fengsel ha 200 soningsplassar ved avdelinga i Froland og 100 plassar ved avdelinga i Mandal.

Fengselet vil òg generere mange nye arbeidsplassar når det står ferdig om to år.

Pressa er velkommen til å delta på synfaringa og prisutdelinga.

Administrerande direktør i Statsbygg Harald Nikolaisen vil vere til stades og tilgjengeleg for pressa. Det same vil leiinga for Kriminalomsorgsdirektoratet.

Program

13.00: Synfaring startar

13.45: Prisutdeling med påfølgjande enkel servering

14.15: Markeringa blir avslutta

Pressa og andre inviterte blir bedne møte opp seinast 12:45 slik at alle rekk å ta på seg verneutstyr før synfaringa startar.

Adresse: Agder fengsel avd. Froland, Kristian Birkelandsvei 20, 4820 Froland.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×