• Dagens Universitetsmuseum i Tromsø. Foto: UiT
Skriv ut med undersider

Henning Larsen Architects skal utvikle nytt museum i Tromsø

Publisert 18.06.2018

Med ei rekkje kulturbygg på CV-en skal eit av dei fremste arkitektfirmaa i Norden planleggje nye Tromsø museum – Universitetsmuseet. Det gjer dei saman med mellom andre lokale arkitektar frå ishavsbyen. 

Statsbygg har valt prosjekteringsgruppa som skal utvikle det nye museet i Tromsø. Ti grupper leverte inn tilbod i konkurransen.

Danske Henning Larsen Architects, eit av dei leiande arkitektfirmaa i Norden, står bak vinnartilbodet. Med seg har dei lokale Borealis Arkitekter, som har over 40 års erfaring frå byggjeprosjekt i Tromsø. Også COWI, SLA og Expology er med i gruppa.

– Gruppa vil sjå på ulike løysingsalternativ. Dei vil jobbe tett med UiT Noregs arktiske universitet, som eig museet. Dei fysiske rammene for museet skal avklarast i ein eigen reguleringsprosess der vi som forslagsstillar vil ha ein tett dialog med Tromsø kommune, seier byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg.

Klart best på kvalitet

Det viktigaste tildelingskriteriet i konkurransen har vore kvalitet, og Statsbygg har lagt vekt på overføringsverdi frå tidlegare prosjekt til arbeidet som no skal gjerast med det nye museet i Tromsø.

– Vi har særleg sett etter nokon som har leidd og koordinert store og komplekse prosjekt med dei same funksjonane som museet i Tromsø skal ha, og som kan ta med seg denne erfaringa. I tillegg har erfaring med teikning og prosjektering av kulturbygg vore viktig. På desse punkta var vinnargruppa klart best, seier Lyssand Sandberg.

Henning Larsen står mellom anna bak konserthuset Harpa i Reykjavík, Umeå kunstmuseum og Mosegaard museum i Aarhus. Deie er involvert i ei rekkje store byggjeprosjekt verda over og har teikna det nye veterinærbygget på Campus Ås, eit av dei største byggjeprosjekta til Statsbygg.

Milliardprosjekt

Saman med UiT Noregs arktiske universitet vil prosjekteringsgruppa no gå i gang med å utvikle og designe eit bygg for ei samlokalisering av verksemda til Tromsø museum – Universitetsmuseet, som i dag består av fire utstillingsarenaer. I dette ligg òg ein innleiande moglegheitsstudie som grunnlag for reguleringsarbeid, skisse- og forprosjektet.

Det planlagde museet er på maksimalt 19 700 kvm. Kostnadsramma er på om lag 1,5 milliardar kroner.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×