Skriv ut med undersider

Kranselag på Veterinærbygget

Publisert 13.03.2018

På torsdag feirar Statsbygg at Veterinærbygget på Campus Ås har fått tak og vegger på plass, med kranselag for 500 bygningsarbeidarar.

Pressa er velkommen til kranselaget.

– Tett bygg er ein viktig milepåle i byggjeprosjektet, og tradisjonen med at byggherren inviterer byggjeplassarbeidarane til ei markering av dette, går langt tilbake i tid, seier byggherredirektør Erik Antonsen. – No som tak og vegger er på plass, kan vi gå i gang med innreiingsarbeida for alvor. Vi skal innreie 2400 rom, mellom anna 800 kontorplassar, sju undervisningssalar, 49 stallplassar for hest, ni operasjonssalar for dyr og heile sju etasjar med laboratorium.

Veterinærbygget er det største byggjeprosjektet under bygging hos Statsbygg og består eigentleg av åtte samanknytte bygningar på totalt 63 000 kvadratmeter. Når bygningen står ferdig i 2020, skal han romme både Veterinærhøgskolen og Veterinærinstituttet i tillegg til det mest avanserte utstyret i Europa innanfor forsking på og behandling av dyr.

Kranselaget startar torsdag 15. mars kl. 10.30, med helsingstale av prosjektdirektør Erik Antonsen kl. 11. Det blir servert pølser og kake med tilhøyrande drikke.

Påmelding til Eva.Kvandal@statsbygg.no

Påmelding til

Eva Kvandal
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 90173330
Send e-post
×