Skriv ut med undersider

Jublar for millionstøtte

Publisert 29.05.2018

Med 10 millionar kroner til eit nytt innovasjonspartnarskap er Statsbygg klar til kamp mot krevjande grunnforhold. 

Statsbygg, Statens vegvesen og Bane Nor har gått saman for å redusere utslepp og risiko knytt til grunnforsterking. Innovasjonspartnarskapet var eitt av tre som fekk støtte av Innovasjon Noreg då direktør Anita Krohn-Traaseth og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen offentleggjorde tildelinga i går.

– Vi har fått svært positive tilbakemeldingar undervegs. No gler vi oss til å setje i gang, seier direktør i Statsbyggs faglege ressurssenter, Anders Fylling.

Dette er andre gongen Innovasjon Noreg har lyst ut støtte til denne typen partnarskap. Til saman fekk dei i denne runden 25 søknader.

Bakgrunnen for at Statsbygg, Statens vegvesen og Bane Nor har gått saman, er at krevjande grunnforhold fører til store kostnader og klimagassutslepp i samband med utbyggingsprosjekt. Dette er fordi grunnen må forsterkast og eksisterande busetnad og infrastruktur må sikrast mot skred. Særleg gjeld dette kvikkleireførekomstar på Austlandet og i Trøndelag.

– Det som potensielt kan sparast ved å førebyggje mot kvikkleireskred samanlikna med å byggje opp att etter ei slik hending, er svært mykje, seier Fylling.

Natur- og miljøvennleg tettstadutvikling føreset fortetting og meir effektiv arealbruk. Tilgjengelege areal er ofte ikkje busette nettopp på grunn av dårlege grunnforhold og/eller fare for skred. Dette fører til at det blir sett i verk prosjekt på tomter med behov for omfattande sikringstiltak eller grunnforsterking.

Kvikkleireskråningar blir ofte sikra ved hjelp av store terrenginngrep. Det fører gjerne til inngrep i vassdrag og tap av naturmangfald. Dette kan unngåast ved å bruke grunnforsterking, men grunnforsterkingsmetoden med kalk- eller sementpeling gir svært store klimagassutslepp.

– Statsbygg, Statens vegvesen og Bane Nor skal det neste tiåret redusere klimagassutslepp knytte til utbyggingsprosjekta våre. Då er det heilt nødvendig at vi saman med næringslivet utviklar klimavennlege sikrings- og grunnforsterkingsmetodar. Slik går ikkje samfunnstryggleiken og arealutnyttinga ut over miljø og klima, seier Fylling.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×