Skriv ut med undersider

Nødstraum i beredskap

Publisert 29.06.2018

Reservekraftanlegget som skal forsyne Veterinærbygget med straum i krisesituasjonar, er no installert. Dersom straumnettet er nede, vil anlegget forsyne sårbare funksjonar som forskingsrelatert verksemd, operasjonar og datatrafikk med nødvendig straum.

Anlegget består av to generatorar drivne av kvar sin dieselmotor, plasserte i to containerar med luftinntak og eksosanlegg. Generatorane kan produsere straum som svarer til energiforbruket til 300 einebustader.

Dei to containerane ligg diskret nedsenka i hellinga utanfor Fiskelaboratoriet med god avstand til Veterinærbygget, krinsa av ein mur i betong. Muren skal verne mot støy når anlegget er i bruk. Anlegget vil gi frå seg maks 70 desibel på 10 meters avstand. Til samanlikning er kraftig snorking målt til 90 desibel.

Aggregata veg nærmare 32 tonn kvar og er det tyngste utstyret som er innplassert i byggjeprosjektet på Campus Ås. Det er den norske leverandøren Coromatic som har levert anlegga.

Kontakt

Erik Antonsen
Prosjektdirektør Campus Ås
Mob. 97794982
Send e-post
Eva Kvandal
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 90173330
Send e-post
×