Skriv ut med undersider

Høgskulen i Volda, nybygg for mediefag

Publisert 05.03.2018

Statsbygg fekk i september 2016 i oppdrag frå Høgskulen i Volda å prosjektere eit nybygg for mediefag.

Nybygget vil innehalde areal for produksjon, undervisning og tilsette. Nokre produksjonsrom (TV-studio) og areal for animasjon vil framleis liggje i Hans Strøm-bygget. Oppdraget er også å plassere bygget slik at det forsterkar og vidareutviklar campusen.

Nybygget har eit foreløpig romprogram på omtrent 4600 kvm netto. Plasseringa på campus mellom Berte Kanutte-bygget og Hans Strøm-bygget er vedteken.
Oppdraget var opphavleg eit kombinert undervisningsbygg for Høgskulen i Volda og kulturbygg for Volda kommune. Kulturbygget gjekk ut av prosjektet etter eit vedtak i Volda kommunestyre.

Prosjektet blir gjennomført som totalentreprise med forslag til løysing og kostnadstak. Statsbygg har no fått inn tilbod med løysingsforslag frå fire kvalifiserte entreprenørar og rådgjevarane deira.

Framdrift

September 2016: Statsbygg får i oppdrag frå Høgskulen i Volda å prosjektere eit nybygg for mediefag og kulturbygg for Volda kommune.

Juni 2017: Lokaliseringa blir vedteken av HVO etter tilråding frå Statsbygg.

Desember 2017: Kulturbyggdelen går ut av prosjektet.

Mars 2018: Statsbygg lyser ut ein avgrensa anbodkonkurranse. 

September 2018: Dei fire forslaga som kom inn i konkurransen, blir presenterte (du kan sjå forslaga i menyen til venstre).

November 2018: Vinnaren av konkurransen er venta å bli klar. Høgskulen og regjeringa skal så ta stilling til om prosjektet skal førast vidare.

Juni 2019: Forventa byggjestart.

Desember 2020: Nybygget skal etter planen stå ferdig.

Byggeprosjekt. Pågående
Undervisning og forskning

6100 VOLDA

Fakta

Oppdragsgivar: Høgskulen i Volda
Brutto bygningsareal: 4600 kvm
Oppstart/ferdigstilling: mars 2018/november 2020
Status: Utviklingsfase
Kostnadsramme: Ikkje fastsett
Prosjektnummer: 1130701

Tore Berg
Prosjektleder
Mob. 41542346
Send e-post

Stig Petter Pettersen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post

×