Skriv ut med undersider

Universitetsmuseet i Bergen. Rehabilitering

Publisert 09.05.2016

Statsbygg har fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å planleggje og gjennomføre ei rehabilitering av Universitetsmuseet i Bergen – De naturhistoriske samlinger, Muséplass 3 for Universitetet i Bergen, UiB.

Muséplass 3, teikna av arkitekt Johan Henrik Nebelong, blei oppført i 1865 med påbygging av to fløyer i 1896. Bygningen har stor kulturhistorisk verdi.

Målet er å rehabilitere bygningen i størst mogleg grad til opphavleg stand med sikte på å bruke han til formidlings- og publikumsretta verksemd, møte og seremonielle funksjonar for Universitetet i Bergen. Delar av utstillinga skal tilbakeførast og sjå likeins ut etter rehabiliteringa.

I revidert oppdragsbrev frå april 2011 ba Kunnskapsdepartementet om at Statsbygg fører prosjektet fram til forprosjekt i to delar: del 1 sørfløy og del 2 resten av bygget (midtbygg og nordfløy).

Forprosjektet for sørfløya blei avslutta i 2012 og byggjearbeida for del 1 blei ferdigstilte i september 2015. Forprosjektet for midtbygg/ nordfløy (del 2)  blei avslutta i april 2013. I brev frå Kunnskapsdepartementet av 06.01.2016 fekk Statsbygg i oppdrag å starte detaljprosjektering med etterfølgande byggjearbeid for del 2 midtbygg og nordfløy. Byggjearbeida starta i august 2016 og forventa åpning av museet er sommeren 2019.

Byggeprosjekt. Pågående
Kultureiendom, museum o.l.

Muséplassen 3

5007 BERGEN

Oppdragsgivar: Kunnskapsdepartementet
Brutto bygningsareal: ca. 9200 kvm
Byggjestart/ferdigstilling: Del 1: jan. 2014/2. halvår 2015
Del 2: jan. 2016/2019
Status: Del 1 ferdigstilt. Del 2 byggefase
Kostnadsramme: Del 1: 327 mill. kr (prisdato 1. juli 2013)
Del 2: 395 mill. kr. (prisdato 1. juli 2016)
Prosjektnummer: Del 1 1003901. Del 2 1004001

Geir Barton Torsæter
Prosjektleder
Mob. 95 79 65 35
Send e-post

×